Schola Solensis: Psallat Ecclesia - sequences from medieval Norway

Artikkelnr.: 2L-070-SACD

2L - Audiophile Recording - CD/SACD (Hybrid SACD)

NOK209,00 inkl. mva.

Produktinfo

2L (Lindberg Lyd)

PSALLAT ECCLESIA - sekvensar frå norsk mellomalder. Det vi kallar gregoriansk song er gamal musikk. Rundt 1200-talet var det meste allereie komponert. Gregoriansk song er kyrkjas eldste songskatt, og er Guds ord talt og bøn beden i eit språk der ordet vert løfta og bore på venger av vakraste venleik. Det er ikkje berre eit språk av ord, men ein samklang av ord og melodi som til saman vert eit uttrykksmiddel av uana styrke. Gregoriansk song er utvikla gjennom lange tider med overlevering frå munn til øyre frå generasjon til generasjon. Om der finst ein evolusjonsteori for kunst og musisk ytring, ein slags "survival of the fittest", so kan ein trygt bruke den om gregoriansk song. Mange av desse melodiane kan vera ufatteleg fagre; det er som ein fornemmer ei gude-hand har vore med i skapinga. Det kviler ein dåm av mystikk over denne songen, noko som stadig fleire finn fint som råme kring meditasjon og bøn til Gud.

Hybrid Super Audio-CD
5.0 SURROUND + STEREO produsert i DXD (Digital eXtreme Definition 352kHz/24bit) av Lindberg Lyd, Oslo
Denne disken ser ut som en vanlig CD og kan spilles på alle tradisjonelle anlegg og datamaskiner. Hybrid SACD 5.0 SURROUND + STEREO produsert i DXD (Digital eXtreme Definition 352kHz/24bit).

CD'en kan spilles på alle tradisjonelle anlegg og datamaskiner.